Bergen Mandolinband

Bergen Mandolinband starta som ein vennegjeng rundt eit kjøkenbord i Bergen der alle delte den same kjærleiken for nettopp mandolin. Etter fleire år som gatemusikantar og spelemenn til dans og galskap, har bandet nå etablert seg på meir ordinære scenar. Rabulistane, poetane og gatemusikantane i Bergen Mandolinband er alle frå Haugesundsområdet så bandnamnet er framleis litt av eit mysterium. I 2011 feira bandet ti år med ein spektakulær 25-timars turné i Bergen som heldt på å ta livet av medlemma. Berre trass har gjort at dei nå er tilbake igjen, stadig meir vitale og tørste på livet.

Ny plate!

Omslag: Til skogen

21.09.12 lanserer bandet ny si nyaste plate Flotmyr Gumbo på Grappa musikkforlag. På Flotmyr Gumbo blandar bandet eigenproduserte låtar med tradisjonelle amerikanske cajun-låtar. Om ”Flotmyr Gumbo” seier bandet: ”Me er veldig nøgde med oss sjølv denne gongen. Meir enn nokon gong kjenner me at me nærmar oss det musikalske beinet me så gjerne vil skjære oss inn til. Frå cajuntradisjonen har me både henta fleire melodiar og mykje inspirasjon denne gongen. I cajunmusikken blandes sårheit og intensitet, tørst og livslyst saman i ein kraftfull gumbo”. Tekstane er det for ein stor del vokalist (og forfatter) Gaute M. Sortland som står bak.
Anne Lise Frøkedal frå Harrys Gym/I Was A King er også denne  gongen med som gjestevokalist på fleire spor.

Bandets førre plate Til skogen (2010) fekk strålande kritikkar og terningkast fem i mange aviser. Dette er utdrag frå nokre av platemeldingan:

Erik Kydland, Dagbladet (Terningkast fem):
Historiefortellere av rang
Kjetil Wold, Stavanger Aftenblad (Terningkast fem):
Fyttigrisen så det svinger av bandets herlige miks av moderne shillingsvisepop og bluegrass på ramsalt vestlandsdialekt, nærmere bestemt haugesundsk.
Geir Rakvaag, Dagsavisen (Terningkast fem):
Mye mer enn mandoliner
Helge Olsen, Bergens Tidende (Terningkast fem):
Tekstene bringer med seg den uroen som mangler i det musikalske, og spiller opp til strengenes triste klang og stemmens oppriktighet.

Kjøp plata på iTunes eller i din næraste platebutikk.

Hausten 2008 slapp Bergen Mandolinband si første plate på eit større plateselskap. Plata "Lang veg til Tysvær" ble positivt mottatt av kritikerane og selger bra.

Kjetil Wold i Stavanger Aftenblad gir plata terningkast 5 og skriv at plata er "En av årets beste norske":
Debutalbumet «Lang veg til Tysvær» byr på sterke historier om intens kjærlighet, fortapt kjærlighet for ikke snakke om unge menns opplevelse av total ensomhet… Melodiene er særpregede og sterke. De understreker stemningene og herlig skeiv vestlandsk humor i prosjektet: Store følelser i livet plukkes ned og tas inn i den forblåste vestlandske hverdagen. «Lang veg til Tysvær» er en av årets fineste og mest personlighetssterke utgivelser... Det svinger og river som en vestlandsk kuling.
Eirik Haugen i Telemarksavisa gir plata 5 og skriv:
Dette er musikk med høy kvalitet og god allsangfaktor, en herlig blanding av bluegrass, viser og valser med et snev av norsk og irsk folkemusikk. Og masse god sentimental styrke sammen med lyrikk om ærlige arbeidsfolk og mislykket kjærlighet. Så her er det bare å synge med.
På den anerkjende nettstaden Groove.no får plata 5 av 7 og det står:
Dei prøver aldri å vere moderne eller korrekte. Dei er aldri i nærleiken av å vere vanskelige. For dette er enkle tonar. Enkle tonar henta frå eldre tider. Pre-country, eller old-time som det vel og vert kalla. Ein symbiose av folkemusikken som kom til Amerika. Også frå nordiske skogar og bygder. Det er heilakustisk, det er melodiøst, og trustappa av kjensler og sveitte tokter… Låta Mandolinane er trygge er den finaste godnatt songen på denne sida av So Ro Lillemann… La meg seie det slik: Det er beint fram ikkje kvar dag at melankolien og sentimentaliteten kjem drivande i like friske former som når Bergen Mandolinband strammar strengene og sender det meste som minner om pretensjonar åt pises.
I si oppsummering av plateåret 2008 rangerer Kjetil Wold i Stavanger Aftenblad plata som årets tiande beste.