Bergen Mandolinband

Bergen Mandolinband starta som ein vennegjeng rundt eit kjøkenbord i Bergen der alle delte den same kjærleiken for nettopp mandolin. Etter fleire år som gatemusikantar og spelemenn til dans og galskap, har bandet nå etablert seg på meir ordinære scenar. Rabulistane, poetane og gatemusikantane i Bergen Mandolinband insisterar på å vere eit vestlandsband sjølv om tre av fem medlemmer held til Oslo – i følge dei sjølv utan nokon særskild grunn. Dei fråtsar i "Old time-klassikerar" samstundes som dei skriv eige materiale ein stad mellom bluegrass og visefolk, og jodå- dei både speler og syng på Haugesundsdialekt.

Gruppa har opparbeidd seg eit sterkt rykte som eit noko spesielt liveband. Frå bakgrunnen sin som gate – og festmusikkantar har dei lært seg kunsten å kommunisera med publikum. På konsertar med Bergen Mandolinband blir det sprek musikk, vitsar frå scena og spørsmål frå salen i perfekt harmoni. Alt endar i ei syntese av salig stemning frå scena og frå salen. Bergen Mandolinband syng om ærlege arbeidsfolk og mislykka kjærleik. Songane er laga av bandet sjølv eller det er folkemusikk, skapt av generasjonar med amerikanske og norske bønder og arbeidsfolk.

Pressebilete 1 Pressebilete 2

Bergen Mandolinband - ute med ny plate!

Omslag: Til skogen

Til skogen har fått strålande kritikkar.

Erik Kydland, Dagbladet (Terningkast fem):
Historiefortellere av rang
Kjetil Wold, Stavanger Aftenblad (Terningkast fem):
Fyttigrisen så det svinger av bandets herlige miks av moderne shillingsvisepop og bluegrass på ramsalt vestlandsdialekt, nærmere bestemt haugesundsk.
Geir Rakvaag, Dagsavisen (Terningkast fem):
Mye mer enn mandoliner
Helge Olsen, Bergens Tidende (Terningkast fem):
Tekstene bringer med seg den uroen som mangler i det musikalske, og spiller opp til strengenes triste klang og stemmens oppriktighet.

Kjøp plata på iTunes eller i din næraste platebutikk.

Hausten 2008 slapp Bergen Mandolinband si første plate på eit større plateselskap. Plata "Lang veg til Tysvær" ble positivt mottatt av kritikerane og selger bra.

Kjetil Wold i Stavanger Aftenblad gir plata terningkast 5 og skriv at plata er "En av årets beste norske":
Debutalbumet «Lang veg til Tysvær» byr på sterke historier om intens kjærlighet, fortapt kjærlighet for ikke snakke om unge menns opplevelse av total ensomhet… Melodiene er særpregede og sterke. De understreker stemningene og herlig skeiv vestlandsk humor i prosjektet: Store følelser i livet plukkes ned og tas inn i den forblåste vestlandske hverdagen. «Lang veg til Tysvær» er en av årets fineste og mest personlighetssterke utgivelser... Det svinger og river som en vestlandsk kuling.
Eirik Haugen i Telemarksavisa gir plata 5 og skriv:
Dette er musikk med høy kvalitet og god allsangfaktor, en herlig blanding av bluegrass, viser og valser med et snev av norsk og irsk folkemusikk. Og masse god sentimental styrke sammen med lyrikk om ærlige arbeidsfolk og mislykket kjærlighet. Så her er det bare å synge med.
På den anerkjende nettstaden Groove.no får plata 5 av 7 og det står:
Dei prøver aldri å vere moderne eller korrekte. Dei er aldri i nærleiken av å vere vanskelige. For dette er enkle tonar. Enkle tonar henta frå eldre tider. Pre-country, eller old-time som det vel og vert kalla. Ein symbiose av folkemusikken som kom til Amerika. Også frå nordiske skogar og bygder. Det er heilakustisk, det er melodiøst, og trustappa av kjensler og sveitte tokter… Låta Mandolinane er trygge er den finaste godnatt songen på denne sida av So Ro Lillemann… La meg seie det slik: Det er beint fram ikkje kvar dag at melankolien og sentimentaliteten kjem drivande i like friske former som når Bergen Mandolinband strammar strengene og sender det meste som minner om pretensjonar åt pises.
I si oppsummering av plateåret 2008 rangerer Kjetil Wold i Stavanger Aftenblad plata som årets tiande beste.